Sollen og Jan - Vertskapet
Ja, her ser du oss to - Sollen & Jan - som er vertskap på Herøy Kystcamp. Sollen er sjef og Jan er "vaktmeister" og så har vi hyggelige og dyktige ungdomar som hjelper oss.

Vi ønsker deg hjarteleg velkomen til vår vesle, fredelige "perle" av ein campingplass. For oss er det viktig at du, som er vår gjest, skal føle deg velkomen her og oppleve eit avslappa miljø.
Aktivt fiskeri og båtliv pregar nærområdet, men avstandane er korte til naturopplevingar og historiske stadar.

Ta gjerne kontakt med oss.