Bilder fra hyttene og sjøbuda

Hyttene


Vi har to romslege tømmerhytter på 60m2 som ligg like ved sjøkanten. Hyttene er like. Dei har to soverom med to frittståande senger, stove med dobbel sovesofa og TV. Kjøkenet er eige rom med alt nødvendig utstyr også oppvaskmaskin. Badet har dusjkabinett og WC. Begge hyttene har eigen terasse med møblar medan ein stor uteplass med grill er felles. Ein felles djupfrysar står i "uterom" mellom hyttene. Til kvar hytte høyrer det ein 15 fots båt med 5 Hk påhengsmotor. Større båt kan leigast mot ekstra betaling 


Rorbuda

Hyttene frå brygga

Dette er ei gamal sjøbud som vi har restaurert. I 2. etasje har vi innreidd ei leiligheit på ca. 60m2. Her er 2 soverom med køysengar, eit fellesrom med stort solid furubord og eigen TV-krok, eit lite kjøkkenrom med alt nødvendig utstyr, eit toalettrom med dusjkabinett og WC ,pluss eit ekstra WC-rom. Frå fellesromet er det utgang til stor veranda og panoramautsikt over fjorden mot havet. I 3. etasje er der eit stort soverom med to frittståande sengar - rorbuda har 6 soveplassar totalt. Delevis renovert i 2007.

I 1. etasje er det resepsjon/kiosk, sanitæranlegg for campingplassen , vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel og felles opphaldsrom med TV. Dette romet er også eit lite privat maritimt museum.