Camping

Dette er ein liten og intim campingplass som ligg ved sjøen i Leinevika ved riksvegen til Runde. Her er 2 område med oppstillingsplassar for bubilar og campingvogner.

Mellom riksvegen og hyttene er der 14 plassar og eit lite felt for telt.Området er skjerma med lauvtre og hekker og jordvoll mot riksvegen. Parkeringsplassane er drenerte grusfelt med grasplen mellom.

Så er her ein mindre plass på molofyllinga i sjøkanten, med fin utsikt over fjorden.
Alle oppstillingsplassane har tilgang til straum, 220v / 16 amp.

Plassen har WLAN inkludert i prisen, her er eige kjøkenhus med komfyr, varmt og kaldt vatn, frysar og kjøleskap, tømeplass for berbar septiktank, bålplass, utegrill, grillhytte og omn til røyking av fisk.