Båtliv og fiske

Herøy Kystcamp er spesielt tilrettelagd for gjestar som vil fiske. Her er innadørs stelleplass av fisk (sløyebud), tilgang til djupfrysar, kai, flytebrygge, slip og båtutleige.

Området er fiskerikt og du kan fiske frå land så vel som frå båt. Fjorden rett utfor plassen er bra beskytta mot vind og er derfor tilgjengeleg også i dårleg vær. Når tilhøva ligg tilrette vil mange heller dra utanskjers for å friste fiskelukka på opent hav.

Utvalet av fiskeslag er stort - gjestar har rapportert om over 20 forskjellige arter, alt frå torsk og sei , steinbit og kveite , sild og makrell til lyr, hyse lange og brosme + mange andre.

For den som ikkje berre vil fiske er området ideelt for sightseeing/tur med båt - til fuglefjellet på Runde eller dei mange idylliske øygruppene i kommunen.

 
 Båtene
 
 
 
 
     
 
 
 
     
 
 
 
     
 
   
 
Fiskeplassar